Topp-10 trimpostar

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2014

Ivar Arne Flo er det vi
kan kalle spesialist. Spesialist på trimposten i Riksheimdalen. 287 turar dit
siste året gav 2009 poeng. Nok til ein sterk tredjeplass i samandraget. 11
poeng føre syskenbarnet Arnhild på fjerde plass.


 -  Du visste kanskje
ikkje det. Eg ættar inna Tronstad, der mor mi og far til Arnhild Linga var
sysken. Litt artig at det var så jamt mellom oss denne sesongen, fortel Ivar.

Men alle turane var ikkje
like lette for 70-åringen, som bur på Ikornnes, denne sesongen. Utpå
seinsommaren fekk han problem. Han måtte stadig stoppe for å ta seg inn att, og
greidde ikkje halde fylgje med kona, kor gjerne han ville.

27. oktober vart
kvilepulsen målt til 32 slag i minuttet. Han vart innlagt på sjukehus i fire
dagar, og konklusjonen var grei:

- Vi må peise i deg ein «pacemaker».

Tysdag i neste veke, 9.
desember, skjer nettopp dette på sjukehuset i Ålesund. Han vert med andre ord
ny mann i god tid før jul. Så om mannen er ekstra kvikk i turløypa fram mot jul
– på sporet av posten og poenga i Riksheimdalen, ja, så veit de grunnen. Og truleg
med full dosering, som vil seie 5-6 turar i veka, med helse i kvar meter. Slike
gutar likar vi!!!

SAMANDRAGET TRIMPOSTAR 2014:

1.

2.

3. Ivar Arne Flo (70) –
2009 poeng – 287 turar

4. Arnhild Linga (66) –
1998 poeng – 317 turar

5. Torhild Skogvold (56) –
1759 poeng – 271 turar

6. Anne lise Hjelle (55) –
1554 poeng – 222 turar

7. Elling Ivar Hole (73) –
1476 poeng – 281 turar

8. Grethe Fet (68) – 1328 poeng
– 334 turar

9. Odd-Kåre Fet (72) –
1294 poeng – 321 turar

10. Astrid L. Drabløs (69)
– 1226 poeng – 315 turar