Topp-10 trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2014
I dag seier vi hipp hurra
for Anne Lise Hjelle, kona til «Bøda-Hans», for dei som ikkje greier plassere
henne ved fyrste augekast. I 2013 sesongen kom ho ikkje inn på topp-10 lista.
Då hadde ho 163 turar til posten «Bruna», som gav 1141 poeng. I år auka ho til
222 turar, som gjorde at kalkulatoren til trimgruppa stoppa på 1554 poeng.
Dermed inne med god margin.
Vi kan også gi eit ekstra
hurra, etter som Anne Lise er den yngste inne på topp-10. Ho er ikkje 23, om
nokon måtte tru det, men 55. Hadde topp-10 lista vorte presentert på 1960-talet
hadde folk trudd verda var blitt gal. Noko den altså ikkje er, ikkje førebels.
Det har seg berre slik at tanganykiaforeninga er bytt ut med folkehelse - i
vidaste forstand. Ein av grunnane til at gjennomsnittleg levealder har auka enormt
dei siste 100 åra.
Her er dei skarpaste i
samandraget sesongen 2014:
1.
2.
3.
4.
5.
6. Anne Lise Hjelle (55) –
1554 poeng – 222 turar
7. Elling Ivar Hole (73) –
1476 poeng – 281 turar
8. Grethe Fet (68) – 1328 poeng
– 334 turar
9. Odd-Kåre Fet (72) –
1294 poeng – 321 turar
10. Astrid L. Drabløs (69)
-1226 poeng – 315 turar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024