Topp-10 trimpostar

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2014

Ein kan ikkje anna enn bli
imponert. Snittalder på over 70 år på dei personane som hittil har funne sin
plass på topp-10.

Elling Hole «varma opp»
med litt idrettsmerketaking i slutten av 30-åra, men susande god fysisk form
fann han fyrst langt inn i 60-åra. Og det likaste av alt; mannen vert
tilsynelatande sprekare til eldre han blir.

Basisen i Elling sine 1476
poeng i 2014 er trufaste turar til toppen av Myrdalsfjellet og til trimposten i
Holemarka. 105 turar på Myrdalsfjellet og 171 til posten ved sætreelva i
Holemarka, gjorde han til einaste utøvar med status som dobbelt trimpostvinnar.

Men det sluttar ikkje her. Elling har i
sesongen lagt bak seg tunge turar til Holetindane, hytta ved Brunstadkølen og
Regndalen + Brunstadsætra. Samla har han i fylgje trimgruppa sine tal gjort 281
turar til kvalifiserte turmål siste året.

TOPP-10 SESONGEN 2014:

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7. Elling Ivar Hole (73) –
1476 poeng – 281 turar

8. Grethe Fet (68) – 1328 poeng
– 334 turar

9. Odd-Kåre Fet (72) –
1294 poeng – 321 turar

10. Astrid L. Drabløs (69)
– 1226 poeng – 315 turar

Så ventar vi i spenning på
plass nummer seks, kan røpe at då får vi ein «ungdom»- i den grad slike finst i
denne «idretten» - inn på lista.