21. november fyller ein utflytta velledaling år

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2014

Karl Egil Brunstad, son
til Oline og Jon C. Brunstad, fyller 60 år i dag, 21. november. Han har budd
storparten av sitt vaksne liv på Nordmøre, men er altså oppvaksen i Brua på
Brunstad.

Så langt tilbake som på
1980-talet, deltok Karl Egil på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten,
men det er fyrst og fremst episodar knytte til Konradløpet som gjer at
jubilanten får spalteplass på VIL-Nett.

Karl Egil har nemleg ein
son som heiter Konrad, og såleis var det ekstra kjærkome at familien tok turen
frå Tingvoll i samband med Konradløpet. Med namnet Konrad Brunstad var Karl
Egil sin son hundre prosent samnemnd med løpet sin opphavsmann – dei var til og
med i slekt.

I samband med Konradløpet
i 2013 kom Karl Egil dragande med ein totalt ukjend kar frå Eritrea, påmeld
under namnet Abdulaziz Ibrahim. Karl Egil var taus om mannen sine
løpskvalifikasjonar. Difor var det smått overraskande for arrangøren når
Ibrahim feia inn til ny rekord på tida 14.11. Vi nemner at nest beste tid i
løpet er 14.48

Så Karl Egil kan dette med
å overraske. Men i dag er det truleg vi som overraskar han;

Gratulerer med 60 års
dagen, og velkomen tilbake til Konradløpet 2015!

PS. Du treng ikkje tenkje
på at du må ha med deg ein ny rekordhaldar i baklomma, for rekorden har du
allereie. Nyt dagen!

Gode helsingar frå
idrettsvener i Velledalen

Atle Hole