Topp-10 trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2014
Då har trimgruppa klar ei
liste over dei ti personane som samle flest trimpoeng sist sesong.
Trimgruppeleiar Nils Terje
Skylstad seier til VIL-Nett at personar som har fått for mykje - eller for lite
poeng - må vere greie og melde frå. Gruppa vil at alt skal vere rett, men med
18 000 registreringar skjønar alle dette er ein omfattande jobb. Feil kan
førekome, vert det meldt.
I dag klappar vi Astrid L.
Drabløs på skuldra og gratulerer med vel utført folkehelsearbeid i eigen regi
sist sesong. I fylgje trimgruppa sin statistikk har Astrid 17 turar til posten «Skogsvegen
Drabløs» og 298 turar til «Skogsvegen Fet». Samla gav dette 1226 poeng på 315
turar. Vi nemner at 10.plassen sist sesong var på 1253 poeng, så det ser ut som
dei som vil på lista, må ta sikte på 1200-1300 poeng.
10. Astrid L. Drabløs 1226
poeng – 315 turar
Vi ventar i spenning på
9.plassen, den gjekk til ein mann som heller ikkje ligg på latsida.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024