Det har kome tilbakemeldingar på Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2014
Solveig Hopland:
Hei!
Eg må berre få seie takk for ei flott messe i år også!
Alle frivillige som hjelper til med stort og smått gjer
arrangementet mogeleg, og det set eg stor pris på.
For min del er plassen eg har fått ha to år på rad aldeles
utsøkt.
*Kaffien var passeleg
*Standleiga er også passeleg; 800 kr. for to dagar med
direkte, levande reklame er ikkje dyrt.
*Gratis kake inkludert i leiga er kjekt!
*Opningstidene er ok, ein merkar at det er nok, men ein time
ekstra for å tene nokre kroner skadar heller ikkje.
*Utvelging av bransjar trur eg var bra i år; eg rakk ikkje å
sjå sjølv, men fekk rapport om at det var mykje fint å sjå, og betre variasjon enn
i fjor, sa dei.
Det er mange som spør etter vegen til kjellaren, der eg står
ved utgangen; so kanskje meir merking til neste år.
Det kan nesten aldri bli for mykje merking.
(Kanskje eit raudt eller gult snøre heile vegen, so ein kan
seie; følg den raude tråden^^)
Beste helsing
Solveig E. Hopland
Anonym:
To
element mangla under messa i 2014 – Special og peparkake på pinne.
Liv Randi Bjørlykke
:Det var ei flott messe, og takk for at vi følte
oss godt tekne vare på!
Eg var i kjellaren, og der var det eit prima miljø med blide folk og bra tilsig
av kundar. Varmen var passeleg, lufta god, golvet var reint og der var grei
plass til varene. WC var lett å nå, og der var bra reinhald.
Positivt at maten stod servert, og at der var tilgang til kaffi heile tida.
Kakestykka var digre, svelene smakte godt.
Aberet var at ein måtte gå ut og rundt huset for å kome opp i salen. Kanskje
vart det informert om ting oppe som vi ikkje fekk ta del i. Og ein del kundar
kvidde seg nok for å kome ned i kjellaren.
At aktiviteten i symjebassenget gjer at kundane ikkje kan bruke troppa,
synst eg er eit irritasjonsmoment. Eg synst at symjarane burde vere så
storsinna at dei let vere å bade akkurat denne helga. Dei har mange helgar å
bade på, og naturen ligg rett utanfor stovedøra om det skulle vere heilt
nødvendig å trimme...............
Men for mitt firma vil eg konkludere som dei gjorde i Lillehammer når
dei hadde eit arrangement der: The best OL ever!
Beste helsing Liv Randi i Bjørlykke forlag
Sølvi Slyngstad:
Først vil jeg takke for at jeg fikk bli med på julemessen.
Det betyr mye for meg på grunn av hjelpearbeidet jeg driver. Jeg synes folk er
veldig kjøpelysne og de handler mye på messen. Koselig når de sier at de leita etter
meg i fjor da jeg ikke var der, Jeg synes alt er greit tilaget har ikke
noe å klage over. Har merket meg at når klokken blir fire om
ettermiddagen så går folk, så det kan kanske være lurt å starte opp en time før
kanskje? det var en koselig helg og takk igjen . Ønsker dere alle en god jul
Sølvi Slyngstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024