God opningsdag for Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2014
Martine Holmberg stod på stand saman med mor Evelyn.
31 utstillarar, frå
Drammen i sør til Molde i nord, var på plass opningsdagen av den 22. Førjulsmessa.
Folk strøymde til og handla stautt. Så rause var dei med pengepungen at
storparten av utstillarane reiste nøgde heim etter fyrste dag. Ei var så nøgd
at ho bad pent om å få delta ein dag ekstra, sjølv om ho under påmeldinga
meinte det fekk halde med laurdag.
På kjøkkenet la vi merke
til radarparet Svanhild Brunstad og Elsa Welle – i beinhard kamp med svelerøra,
takka og folk sin glupe appetitt. Dei to superveterane hadde meldt seg til
friviljug innsats – og sparte seg så visst ikkje.
Med loddboka og pengebelte
rundt magen gjekk ein annan veteran, Johan Svindseth (80), og dreiv inn pengar
for den gode sak. Han er ikkje kåra gjennom noko meisterskap, men har ord på
seg for å vere distriktets beste loddseljar. I morgon må kanskje nokon sende
ein god tanke til Johan, når nettopp deira namn vert lese opp frå scena som
vinnar av Tove Blindheim sin utruleg vakre broderte juleduk.
Alle er velkomne innom
Velledalen grendahus på avslutningsdagen, sundag 16. november
OPNINGSTID: 12.00-17.00
Og i morgon kan vi by på
fire nye utstillarar – smektande kaker og sveler så delikate at dei glir ned
heilt av seg sjølv!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024