Brunstadekspressen vann mila i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2014
arkivfoto
Fyrste løpet i
vinterkarusellen i Ålesund vart arrangert laurdag 8.november med stor
deltaking. Heile 86 deltakarar i alderen 10-84 fullførte. Distansen var valfri,
ti eller fem kilometer. Sverre Gunnar Brunstad var på heimtraktene og knuste
all motstand i milløpet.
Her er nokre resultat, 10 km:
1.
Sverre Gunnar Brunstad, Velledalen IL, 35.42
2.
Jan Ketil Vinnes, Kondis, 36.25
3.
Rune Skaar, Sula Sykkelklubb 37.32
Vi tek vidare med at Bjørn
Arve Brune, Stranda IL, vart nummer 15 på tida 40.48
Kvinner 10 km:
1.
Tonje Brande, Ålesund FIK, 39.54
2.
Reese Bendiksen, Ålesund FIK, 40.03
3.
Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, 44.27
Alf Petter Bøe, Rindal IL sprang fem kilometer på
19.43.
Ei tid som heldt til
tredjeplass, og som hadde vore betre om han ikkje måtte knyte skolissene under
løpet. Vinnar på denne distansen vart Karl Henning Halse.
I alt 22 menn fullførte
distansen over fem kilometer.
Neste løp i
vinterkarusellen i Ålesund er 13. desember, då reknar vi med fleire lokale
heltar vert å finne på startstreken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024