Takk Anita, oppfordringa di gav resultat!
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2014
Det er kring året sidan
Anita Kjersheim skreiv at ho meinte det var naturleg at dei ivrigaste
trimpost-entusiastane teikna medlemskap i Velledalen IL.
Av medlemslista ser vi at
10 av 14 trimpostvinnarar har medlemskapen i orden. Det vil seie at 71,4
prosent av vinnarane er medlemar, 28,6 prosent ikkje. Dette er det beste
resultatet vi nokon gong har hatt på trimpostfronten.
Ser vi på stoda for alle
topp-5 listene totalt er stoda dårlegare. Nokså mykje dårlegare, til og med. I
alt står det 73 namn på topp-5. 30 av desse er medlemar, 43 ikkje. Omrekna i
prosent vil det seie at 41 prosent av dei som var inne på topp-5 listene hadde
medlemskap i VIL, 59 prosent ikkje. Ved ein av postane hadde INGEN på topp-5 lista
medlemskap, ingen post hadde full pott.
Eit trimposttilbod likt
det Velledalen IL driftar, er langt frå fritt for arbeid. Særleg postar som
Myrdalsfjellet og Holetindane krev rett som det er justering av installasjonar
etter uvêr. Kassene er langt frå gratis, det vert delt ut premiar og det vert
brukt timesvis på poengrekning og offentleggjering av resultat på nettsida. Av
og til forsvinn rett og slett trimbøkene. Då gjeld det å skifte bok snøggast
råd, slik at færrast muleg vert skadelidande. Vidare må alle bøker skiftast ved
overgang til ny sesong, og det helst over eit lite tidsrom. Truleg var det
slike moment Anita hadde i tankane den gongen ho kom med ytringa.
KONKLUSJON:
1.
VIL er godt nøgde med at 10 av 14 trimpostvinnarar
(71,4 %) er medlemar.
2.
41 % medlemskap mellom alle på topp-5 listene burde
vere eit resultat som har potensiale til forbetring i seg. Neste sesong må
målet vere å passere 50.
VIL DU BLI MEDLEM:
Kontonummer
4045.10.23537
Born 100,- Vaksne 200,-
Familie 400,-
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024