FØRJULSMESSE BETYR ARBEIDSLISTER
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2014
15
og 16. november vert Førjulsmesse nummer 22 arrangert
i Velledalen grendahus.
Opplegget i år er som fylgjer:
Velledalen
skulekorps har ansvaret for oppsetting og avvikling av tobolaen. I tillegg skal
korpset sine medlemar levere kake og tombolavinstar.
VRF
(FK Sykkylven) har ansvaret kjøkkenteneste og sal av mat og drikke. Også dei
skal levere kaker og tombolavinstar, pluss selje lodd (basarbok) før messa.
Velledalen
IL har alt det øvrige. Ordne lokala for utstillarar i kjellarsal, klasserom,
vestibyle og storsal. Alt vakthald, rydding etterpå, utstillarpleie,
annonsering, innkjøp med meir.
For
Velledalen IL sine medlemar betyr dette at ingen vert sett opp på
kjøkkenteneste denne gongen. Mange er sikkert skuffa for det, men levere kaker og
tombolavinstar må vi, på line med alle andre.
Så
gled dykk, vi har fleire utstillarar enn vi får plass til, så vi kan love stinn
brakke. Og sjølvsagt kan fleire gjere som Svanhild Brunstad og Elsa Welle. Dei
har meldt seg som frivillege svelesteikjarar – PRIMA DAMER, Svanhild og Elsa!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024