5 PÅ TOPP 2014 – SKOGSVEGEN FET
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2014
arkivfoto
Det er ikkje mange
personar som går til denne posten, men takka vere nokre skikkeleg «sluggerar»
på topp-3, kom posten opp i 1095 besøk i 2014. Ein ørliten nedgang frå 2013 då
talet var 1117. Gjennomgåande høg snittalder på denne posten. Femtepasserte
Pernille Lervåg dreg rett nok ned. Honnør til veteranen Margit Fet, Velledalen
IL sin fyrste kvinnelege bygdameister i alpint (1951), for fjerdeplass. Topp-3
identisk med fjoråret med Grethe Fet som vinnar. Vil ein blande seg inn i slikt
selskap må ein både vere motivert, uthaldande og ikkje minst seig i all slags
vêr.
Topp-5 skogsvegen Fet 2014:
313 turar: Grethe Fet
310 turar: Odd-Kåre Fet
298 turar: Astrid L.
Drabløs
41 turar: Margit Fet
17 turar: Pernille Lervåg
Stoda mellom dei ulike postane i 2014:
7. Skogsvegen Fet 1095
besøk (1117) – Grethe Fet 313
8. Regndalen 967 (348) –
Robin Urke Brunstad 50
9. Myrdalsfjellet 496
(536) – Elling Hole 105
10. Koppen 409 (257) –
Anita Hjorthol 48
11. Skogsvegen Drabløs 353
(315)– Annlaug Lervåg 136
12. Hytta Brunstadkølen 243 (225) – Linda Kristin Øye 12
13. Høgsætra Fet 144 (185)
– Håkon Fedt 5
14. Holetindane 109 (122) –
Nils Terje Skylstad 16
Kjønnskampen etter åtte postar:
KVINNER-MENN 4-4
( kan minne om «kampfiksing»).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024