Anna Brunstad plassert

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2014

Fleire har kontakta oss om
Anna Brunstad, som vann NM-finalen i fotball for kvinner junior for Stabæk, med
4-2 over Trondheims-Ørn. Ein av dei gode meldarane var Ådne Brunstad. Han melde
at dette var dotter til Olav Brunstad og Olav hadde vore på plass under
finalen.

I Sykkylven sat ei stolt
bestemor, Kirsti Brunstad, med alle detaljar.



 - 




 Son min, Olav, er
faren. Mora heiter Torill Vagstad og kjem frå Sunnfjord. Så Ludvik og eg er
besteforeldre til jenta, og Geir er onkel.

Vi takkar Ådne Alf, Kirsti
og hennar bodbringar, Turid Bøkestad Fet. Langt mellom kvar gong vi har besteforeldre
og onklar av NM-vinnarar i nærmiljøet. GRATULERER TIL ALLE!!