Endeleg ein gratisdeltakar til Konradløpet frå Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2014
Konrad som føre- eller
mellomnamn gir gratis deltaking i løpet. Hittil har ingen busett i Sykkylven
fått gjort seg nytte av dette. Då ser vi litt strengt på det, og reknar Jarle
Konrad Fausa som strandar. Fausadalen høyrer som kjent til Stranda.
Deltaking av personar over
90 år gir også gratis deltaking. Her stiller sykkylvingane sterkt, då Tomas
Tandstad er åleine om deltaking i slik alder.
Men tilbake til namnet
Konrad. For ei tid tilbake gjekk VIL-styret i tenkjeboksen. Jau, dei kjende
Jarle Konrad Fausa. Men han var også yngste Konraden nokon i VIL-styret visste
om i Sykkylven. Han er fødd i 1940, og går såleis i sitt 75.år, men bur altså
strengt teke på Stranda
Og difor var det så kjekt
med Konrad Strømmegjerde Helle – den fyrste beraren av dette trauste, solide
namnet på mange tiår. Saman med tvillingsøstra, Kaisa, - og tre andre – visste Konrad
eksemplarisk framferd under seremonien, som var leia av Hellesyltpresten,
Endeleg kan Velledalen IL
slappe av som vaktbikkjer over barnedåpane i Stranda og Sykkylven. Honoraret på
3000 kroner er utløyst. Om Konrad Brunstad såg oss gjennom skydekket er uvisst.
Om han så gjorde, rykka han nok til, smilte og bar stillferdig fram orda:
-Å du syn!
Den nye Konraden, busett i
Straumgjerde, har gitt namnet og løpet ny lokal næring.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024