Greidde mannfolka røyse seg?
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2014
I fjor fekk mannfolka
grisebank. Kvinnfolka vann elleve av postane. Så ille som 11-3 har det aldri
tidlegare vore, sett med mannen sine auge. Berre Elling Hole, Ivar Flo og Håkon
Fedt vart postvinnarar då – resten tok kvinnfolka. Rubbel og bit !
Tusenvis av turar er
gjennomført sidan den tid. Mannfolka har slikka såra og gått på med ny frisk
entusiasme. Om kort tid byrjar resultata tikke inn. Fyrst topp-5 listene frå
dei ulike postane. Etter det presenterer vi topp-10 samanlagt. For å kome på
den lista må ein truleg ha over 1200 poeng. Det vil seie ein må vere jamn.
Enn så lenge får vi vente
i spenning. Det gjer vi mellom anna med tipping av rasultatet mellom menn og
kvinner for trimsesongen som nyleg er avslutta. Altså 11-3 favør kvinner i
fjor, kva vart det i år….?
Premie trekt mellom alle
som tippar rett – eitt tips per person til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024