Raskast over 50 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Okt 2014

Sprint er risikosport for
utøvarar over 50 år. Er ein utrena er sjansen for strekkar og andre plager
store. Slik synest det ikkje vere for KrF-politikar, Per Gunnar Holmberg.

Han bles gjennom 60-meteren
på den flotte tida 9,00 sekund. Flott med tanke på at «guten» er 57 år. Vi tør
våge påstanden at han er raskast i bygda over 50 år – i alle fall over 55. Han
greidde også spenst-kravet (stille lengdehopp) og styrkeøvinga, slik at han
kunne førast opp i Nils Skylstad sitt kartotek over godkjende prøver – dagen før
treningsleiren i Israel.

Elles var tvillingane
Sivert og Andreas Nakken på plass. Dei to var særs jamne både på 60 meteren, i
stille lengde og i kast med liten ball. Nyttig trening, og erfaring, for
11-åringane som har rett tæl i seg til å bli ivrige merketakarar når alderen er
der.