Idrettsmerke fredag frå klokka 17.30

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2014

Fredag 3.oktober er
Dalemyra staden for alle som vil utfordre idrettsmerkekrava. Frå klokka 17.30
til mørkret senkar seg.

-Truleg vil sjansen også
by seg seinare i haust, for dei som er hindra i deltaking alt fredag. Målet er
å greie eit tosifra antal merketakarar kvart år. Hittil er det berre Arild Lade
som er ferdig med prøvene i 2014, melder trimgruppeleiar, Nils Terje Skylstad.

Nils minner også om
innspurten i trimbøkene. Det vert bokskifte i haustferieveka. Alle bøkene vert
ikkje skifta same dag, men det skjer same veke. Ny bok, betyr ny sesong, om
nokon skulle vere i tvil.

Så her er det berre å tyne ut det siste.