I dag er det Kari Pauline sin store dag.

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2014

I dag er det jubileum i
Sykkylvsvegen 2142. Men 60 år er ingen alder for Kari Pauline. Sist haust
gjennomførte ho trimgruppa sine idrettsmerkeprøver med glans. For niande gong,
noko som kvalifiserer til idrettsmerket i gull.

Rart å tenkje på, men i
Kari sin oppvekst hadde ikkje jenter tilgang på alle typer idrett, eksempelvis
fotball. Damefotballen kom før jentefotballen i VRF, og Kari var i 25-26 års
alderen då VRF og Sykkylven møttest til den fyrste treningsdysten i
kvinnefotball på Slettegjerde. Ho var nærslekta med personar som dagleg diskuterte
emnet, og hadde truleg blitt hekta om tilbodet fanst, vil vi tru….?

Som 20-åring, kom Kari
hausten 1974 inn i Velledalen IL sitt styre som skrivar. Faktisk ei av særs få
kvinner som har hatt dette vervet. Med stødig handskrift vil det skrivne ord frå
1975 leve lenge i møteboka til VIL.

Vi må ikkje gløyme Kari
sin innsats i Konradløpet. Statistikken seier tolv startar av 13 mulege. Eit
prov på at dama har viljestyrken i orden. Tida nemner vi ikkje, men rykta vil
ha det til at ho har ti sekund betre bestetid enn dottera.

Når trimgruppa seinare i
haust gjer den årlege topp-5 rangeringa frå dei ulike trimpostane, må ingen
dette ned av stolen om Kari er inne på lista frå Myrdalsfjellet. Dagens
jubilant veit at god fysisk form ikkje kjem rekande på ei fjøl – heilt av seg
sjølv. Ho har såleis også vore med å frakta stafettpinnen rundt bygda under
Ramstaddalsløpet og vore ein ivrig dametrimmar.

Velledalen IL gratulerer
med 60 år dagen!