Henrik Johan Holmberg

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2014

Henrik
Johan Holmberg har hatt ein trøblete sesong i friidrett, men no ser det ut til
at kroppen fungerer igjen. Under NM i mangekamp i Nittedal i helga tok
vikjen Henrik Johan Holmberg (24) bronse. Etter dag 1 under mangekampen låg
vikjen på 3. plass og hadde mellom anna
vunne høgdekonkurransen med 2,01m, same høgd som EM-deltakar Lars Vikan
Rise. Då såg det ut til at han kunne betre fylkesrekorden sin frå Kazan (Russland)
på 6.850 poeng frå 2013. Siger på 110m hekk (15,27) (Årsbeste og høgste
poengsum) gjorde at optimismen ikkje vart mindre i byrjinga av dag 2. Eit
mislukka stavsprang på 3,50m sette ein stoppar for draumen om å passere 7.000
poeng. Men ny personleg rekord i spyd på 51,04m og NM-bronse var eit plaster på
såret. Poengsummen vart 6.757 poeng, noko som er årsbeste.

Resultata vart fylgjande:

100m: 11,40

Lengde: 6,66m

Kule: 12,64m

Høgde: 2,01m

400m: 51,91

110m hekk: 15,27 (Årsbeste)

Diskos: 38,96m

Stav: 3,50m

Spyd: 51,04 (Ny pers)

1500m: 5,07,80