35 superbirkebeinarar i kl. 25-29 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2014
arkivfoto
Fyrst av alt, kva er ein Superbirkebeinar? Jau det er ein
person som greier merkeravet på ski, løp og sykkel i same kalenderaår. Det
starta i vinter. I mars månad med Birkebeinerrennet. Som vart avlyst på grunn
av sterk vind i fjellet. Så kom løpet i juni som Kjell Magnar gjorde unna på
1.22.30. Nest siste dagen i august 2014 vart det heile avslutta med sykkel.
3.24.02 vart tida på vår mann her, nær 15 minutt under merkekravet med start
frå ei ganske sein pulje.
Samanlagt fekk Kjell Magnar tida 4.46.32 , som heldt til
13. plass av 35 utøvarar som vart Superbirkebeinarar i klasse 25-29 år. Best
tidsmessig vart Mats Johan Hårstad med 4.16.09.
-
Syklinga gjekk heilt greitt. God kontroll heile
vegen. Ingen uhell, men eitt «nestenuhell». Var eigentleg ikkje særleg sliten
ved målgang heller, sa Kjell Magnar til VIL-Nett like etter målpassering. Kring
20 minutt raskare enn i 2013, men då sykla han med gipsa arm og tapte mykje mot
slutten.
Året 2014 vart litt spesielt ettersom rennet vart avlyst.
Då bestemte arrangøren at alle påmelde i rennet fekk dette godskrive som greidd
merkekrav, dette for å ikkje tape deltakarar til løpet og syklinga. Så 100
prosent fullverdi veit Kjell Magnar at dette ikkje er, men han greidde
merkekravet på ski i 2013 og ville truleg gjort det igjen i 2014. Alle testar
viser nemleg at karen har hatt framgang. Kjenner vi han rett gjer han det»skikkeleg»
i 2015.
Og heilt til slutt: Av dei 35 som vart Superbirkebeinarar
i klasse 25-29 år i 2014, hadde Kjell Magnar tredje beste tid i
Birkebeinerløpet – STERKT!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024