Vi gratulerer Edvard Ingvald Hole
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2014
Edvard kom frå
ein idrettsglad familie. Faren, Lars, var leiar i Velledalen IL eit av fyrste
åra laget eksisterte. Og særleg brørne Ole og Torleiv var aktive. I skyting
(Ole), springing og langrenn.
Edvard gjekk
andre vegar. I hans sinn var det hoppsporten som drog. Også det ei
tradisjonsrik grein i Velledalen (før 1970). Diverre fylgde det med mindre
heldige ting, som skadar. Edvard var av dei som fekk kjenne dette på kroppen.
Difor vart ikkje karriera så lang og lysande den kunne blitt, men han vann i alle
fall Bygdarennet i klasse B i 1958, går det fram av møtebøkene.
Kanskje var
det akkurat dette med dei leie skadane, som gjorde at han tidleg kom med som hoppdommar. Under det fyrste storrennet i
Brunstadbakken i regi av Velledalen IL, den 15 april 1962, var Edvard Hole
dommar. Saman med Even Kleive og Reidar Tronstad såg han at verdsmeisteren i
kombinert, Arne Larsen, sette bakkerekord med 56 meter.
Møteboka fortel ikkje kven som var dommarar
under rennet i 1965, men kanskje var Edvard «i tårnet» den gongen og.
Opp gjennom
åra har Knut-Edvard hatt ei rekkje verv i Velledalen IL. Som ung mann
(25-åring) sat han som styreleiar i Hovudstyret i 1959. På same tid sat han i
det som heitte «finansieringsnemnd». Etter ei litt rolegare tid der
familielivet stod i fokus, kom Edvard tilbake i langrennsgruppa (der jentene
var aktive utøvarar), i kioskstyret på Dalemyra der han også sat som leiar, og
som styremedlem i Hovudstyret. Han fekk sitt andre år som leiar i Velledalen IL
sitt Hovudstyre i 1975.
Edvard samarbeidde ofte godt med Karl B.
Lade, to karar som ofte var «i spann» i kiosk, som bingostyrarar og i
marknadsnemnd. Eit år valde årsmøtet å skipe til ei orienteringsgruppe, og
sanneleg, sanneleg seier eg dykk; Edvard kom med der også. Men denne gruppa
vart ikkje langliva. Like eins i Kontaktutvalet, der han i fleire år sat som
Velledalen IL sin representant.
Vi reknar med
jubileumsdagen vert feira med eit drivande godt kræmåltid. Fisking har i alle
år vore ein lidenskapleg hobby for Edvard. Så har du ei feit og god elvakræ i
frysaren kan det vere eit høveleg gåvetips til jubilanten
Velledalen IL
helsar på jubileumsdagen og takkar for lang og tru teneste!
For laget
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024