Nybakt 40-åring klassevinnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2014

Per Steinhard Linga vart
40 år laurdag 9. august. Morgonen etter var han på plass i Straumgjerde, klar
for motbakkeløp. Etter ein knallhard duell med sykkelkollega Espen Utgård
Sæther, passerte Per Steinar mållina i Straumsdalen som femte beste utøvar
totalt. Men som vinnar av klasse 30-49
år. Tida 21.01, var sekundet bak Utgård Sæther.

På plassen bak Per Steinar
i den største klassa kom Glenn Tafjord. Avstanden var 38 sekund.

Litt overraskande – i alle
fall for somme – fekk Per Steinar stryk av ein kar han er onkel til. Håvard
Ulla Linga vart nummer tre totalt og vann klasse 13-17 år. Dette gjorde han på
sjølvaste 16 års dagen, på den flotte tida 20.47. Dermed tukta han onkel Per
Steinar med 14 sekund.

Og vi berre nemner det; i 2013 sprang
Håvard på 24.40. Det er fire minutt framgang i løpet av eitt år. Då har guten
lagt ned mykje godt treningsarbeid. Faren til Håvard er den tidlegare VRF-fotballbautaen,
Jostein Linga, om nokon var i tvil om det. Mannen med dei harde frisparka som
var god i begge endar av bana!