Per Steinar Linga vert 40

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2014

Per Steinar Linga, Sykkylvsvegen 1882, fyller 40 år laurdag
9.august. Dette er ikkje fyrste syklisten denne adressa har fostra, då den førre
eigaren, Per Aslak Strøm, også var ein ivrig syklist. Han sykla stort sett til
og frå jobb dagleg, men styrde unna konkurransar.

Det dei færraste truleg er
klar over, er at Per Steinar var den fyrste trimpostvinnaren som vart kåra i
regi av Velledalen IL. Og den yngste nokon gong. I 1991 skrapa han som 17-åring
(16-åring det meste av sesongen) saman 1143 poeng. Det heldt til siger. Året
etter overtok Konrad Brunstad trona. Og litt seinare mora, Arnhild. Ho vart
trimpostvinnar ikkje mindre enn fire gonger. Alt i alt kjem Per Steinar frå ein
idrettsglad familie, der sysken av begge kjønn har framheva seg – ikkje minst i
fotball.

Sportsleg er Per Steinar
fyrst og fremst syklist – og motbakkeløpar.


 -  Eg likar meg best
der det er bratt, sa han nyleg etter å ha sprunge til topps på Saudehornet i
Ørsta (1303 høgdemeter i løpet av 5,5 km) godt under timen og ti minutt.

Han er ivrig deltakar
under sykkelritt både lokalt og nasjonalt. Laurdag 30. august gjer han sin 14.
start i Birkebeinerrittet, der han syklar for sitt 13. merke. Som fersking i
klasse 40-44 år, med starttidspunkt klokka 07.10. I rein duell med klubbkamerat
Eldar Kurseth (same starttidspunkt) om å bli beste sykkylving….. eller kan
nokon tukte dei?

I tillegg til sportslege
syslar, må nemnast at Per Steinar har til salt på grauten gjennom trufast
arbeid hos Ekornes og som sauebonde i Velledalen. I sistnemnde jobb har han god
hjelp i drengen, Svein, i «påvente» av at eigne avleggjarar skal vekse til. Som
alle skjønar ligg ikkje jubilanten på latsida, og vi mistenkjer han slett ikkje
for å prøve kvile seg i form når han bikkar 40 heller.

Som syklist representerer
Per Steinar Sykkylven SK. Men han har også sitt medlemskap i Velledalen IL intakt.
Difor er ein STOR GRATULASJON (!!) på sin plass til den beste syklisten
Velledalen nokon gong har fostra - og ein av dei største uansett idrett.