Olaf frå tareblad til tinderad i Ørsta

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2014

Ørstingane arrangerte
laurdag 2. august den tolvte utgåva av Saudehornet Rett Opp. Motbakkeløpet med
stigning på 1303 meter i løpet av 5500 lengemeter, vert også omtala som løpet
som går frå tareblad til tinderad.

Og ørstingane er ikkje
snaue. Dei deler ut 22 500 kroner til dei fem beste kvinnene og like mykje
til dei fem beste mannfolka. Dei to vinnarane får 10 000 kroner kvar,
medan femteplassane får 1000 kroner kvar.

Velledalen IL gratulerer
Olaf Øien med ein ny triumf i klasse 70-74 år. Diverre for Olaf er konkurransen
liten i klassa, men 1.55.17 for ein 71-åringen er uansett ein sprek prestasjon.

Vi tek med resultata til
nokre utvalde løparar:

M 16-17 år:

3. Åsmund Brunstad Øyehaug
1.20.41

M23-34 år:


 1.
  


 Tomas Bereket, SK Vidar, 53.07 (løpsvinnar)

5. Knut Anders Hatlen, Stranda IL, 1.01.07

17.
Øystein Drabløs, Team Includia, 1.35.51

M 40-44 år:

6. Per Steinar Linga,
Ekornes BIL, 1.09.15

8. Glenn Harald Tafjord,
Ekornes BIL, 1.15.46

M 70-74 år:


 1.
  

 Olaf Øien, Velledalen IL, 1.55.17

Vi bør merke oss at Per
Steinar Linga kan meir enn å sykle, og at Glenn Tafjord var fem minutt raskare
i år enn i fjor