Sivert og Andreas i Jordbærdilten
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2014
Kraftig varme er ikkje
beste «medisinen» for løpsarrangørar, men deltakinga var brukbar i Valldal, der
deltakarane som sprang på tid var delt i fire klasser.
1.
Menn eldre enn 15 år, der Kristian Nedregård vart
vinnar på tida10.17, føre langrennsløparane frå Valldal IL, Iver Matias Linge
Glomnes (10.32)
2.
Kvinner eldre enn 15 år, enda med triumf til
stordalsjenta Martine Lorgen Øvrebust (12.38), føre Vilde Ottestad (13.06)
3.
Torbjørn Oppigard klasse gutar 15 år og yngre på
sterke 11.38, føre Sondre Gjedrem Lund (13.25). I denne klassa deltok
11-åringane Sivert og Andreas Nakken for Velledalen IL. Sivert sine 16.17 heldt
til fin ellevte plass mellom mange eldre løparar. Andreas kom inn to plassar
bak broren på ni sekund svakare tid (16.26).
4.
Siste klassa var jenter 15 år og yngre. Her har vi
diverre ikkje noko resultat å vise til førebels
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024