Sykkylven Rundt 23. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2014
I fjor gjekk siste etappe
frå Fetbrua til Velledalen grendahus. Det vart litt småkaotisk i område ved
vekslingsfeltet med bilar og menneske om einannan. I år målet enno fleire
deltakande lag. Som igjen betyr større trengsel.
Difor er siste veksling
flytta frå Fet bru til Fetnausta, om lag der Fetvatnet Rundt hadde startplass.
Her vert det bilparkering på mark og dermed ryddigare i området kring
vekslingsfeltet.
Dette betyr at siste
etappe (springing) vert 800 lenger enn i fjor og nest siste etappe
(Sykkylvsbrua-Fetnausta på sykkel) 800 meter kortare enn i fjor. Dermed vert
avslutningsetappen frå Fetnausta til Velledalen grendahus på 3,6 kilometer - noko som krev sin mann/kvinne.
Elles er etappane som i
fjor. I alt seks etappar, tre sykkeletappar og tre løpsetappar. Fyrste etappe
frå Velledalen grendahus til Lade Møbelfabrikk (om Brunstad og Hole), er den
lengste løpsetappen på 5,4 kilometer. Men er kan laga dele opp etappen slik som
dei vil, og nytte mange utøvarar.
Ynskjer du delta på
VIL-sympatisørane sitt lag…?
Meld deg i så fall til Alf
Petter Bøe eller Svein Arne Nakken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024