Olaf stiller i Mefjellet Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2014

Velledalen IL sin
superveteran, Olaf Einar Øien, er mellom dei påmelde i Mefjellet Opp.
Motbakkeløpet på sju kilometer med 1100 høgdemeter stigning og start frå kaia i
Fjørå.

Vi var innom deltakarlista
dagen før løpet, klokka 09.00. Då var fattige 29 utøvarar påmelde i
konkurranseklassa, noko arrangøren (Valldal IL) neppe er nøgde med. Men det sig
nok på fleire.

Frå Velledalen IL fann vi
Olaf Øien på lista i klasse 70+, som den einaste frå VIL og den einaste i
klasse 70+. Faktisk var han åleine frå Sykkylven kommune hittil.
Løyperekordhaldar Johan Bugge frå Eidsvåg IL var mellom dei påmelde, og like
eins Knut Anders Hatlen frå Stranda.

Skal ein tru vêrprofetane
vert det varmt nok, og godvêr under Mefjellet Opp 2014

Konkurranseklasse start :
12.00

Mosjon: Seinast 11.30