Dagens jubilant 17. juli:
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2014
-Se pappa, det e ekte
gress, sa ein liten pjokk som steig ut på Hundeidvik stadion under Fotballfestivalen
der denne sommaren. Ekte «gress» er det
også på idrettsanlegget på Slettegjerde, der ingen har «campert» fleire timar
enn jubilanten, Einar. Siste åra som banemeister og gjerne sitjande på ein
moderne grasklippar. Vel unt, dei som hugsar tilbake veit at sveittedropane
hans enno ligg i grunnvatnet , for å seie det litt brutalt.
Minne.
Det
er mange år sidan velmaktsdagane til denne bana – i all hovudsak på 1960-talet
(Dalemyra opnar i 71). Vi trur nok Einar sjølv tenkjer på det der han sit på
klipparen. Kanskje drøymer seg litt tilbake. Akkurat her sparka Sverre Grøndal
frå Langevåg meg i rompa slik at han vart uvist, akkurat herifrå scora eg mot
den og den, akkurat her vart eg skade i 19….o.s.v
Faktum er at Einar Fet var
VRF sin midtbanejuvel (saman med Bård Erstad). Jagande frå forsvar til angrep,
kondisjonssterk og dyktig som avsluttar. Ein eitel, trur vi mange motstandarar
vil kalle han.
Bodø/Glimt
.
Han voks opp i klyngetunet på Fet i Velledalen, der han var nest eldst i ein
syskjenflokk på fem. Heile tre av brørne vart etter kvart profilar på grenda
sitt fotballag, med Einar som den fremste. På 1960- og 1970-talet var han
mellom dei beste lokale (Sunnmøre) spelarane. Utanom ein sesong i Bodø/Glimt i
samband med militærteneste og ein sesong i Sykkylven IL, var han heile tida tru
mot moderklubben, sjølv om han utan tvil kunne spela på høgare nivå. Før han la
opp som aktiv fekk han oppleve å spele seriekamp saman med begge sønene, Geir
og Eivind. Og han var med klubben ned i nest lavaste kretsserie på 1980-talet,
i grell kontrast til sesongane 1971 og 1972 då VRF var inne mellom topp-6 i
fylket, og fekk såleis møte klubbar som Valldal og Hildre. Då var ringen slutta
etter ei karriere som strekte seg over 25 år og gav drygt 350 obligatoriske
kampar. Det totale kamptalet for VRF ligg mellom 600-700.
Trenar og dommar.
Men det stoppar ikkje her. Frå han var 35-50 år var han ein særs
stødig dommar i Sunnmøre Fotballkrins. Vidare har han hatt ei rad
trenaroppdrag, med debut på seniornivå i VRF sin beste periode kring 1970, noko
han hugsar godt:
- Tidene har nok
endra seg. Eg heldt på med husbygging og hadde mykje godt innandørs målararbeid
framføre meg. Men klubben mangla trenar. Dermed fekk eg beskjed om å leige
målar, noko VRF ville betale om eg trena laget. Hugsar eg ikkje feil kom dette
på 3000 kroner.
Nemnast må det også at
Einar Fet var ein av seks spelande trenarar i VRF i 1978. Dette var siste
gong VRF rykte opp til nivå tre i norsk
fotball (1979). Det høyrer med til soga at VRF denne sesongen heldt nullen bakover
i tolv av 18 seriekampar.
Lange løp.
For Einar Magne Fet var aldri fellestreningane nok. Han gjennomførte solide
dosar eigentrening. Og han likte lange løp. Så godt likte han det, at han melde
seg på Drammen maraton som 40-åring.
- Eg la
respektlaust i veg. Fram til 32 kilometer gjekk det veldig bra. Siste mila vart
eit mareritt. Men to timar og 51 minutt var akseptabelt i det som skulle bli
mitt einaste maratonløp.
At talentet for lange løp
var uomtvisteleg, viste han dei to gongane han deltok i Sykkylven Halvmaraton.
Her noterte han 1.17.09 i 1982, og pressa seg ned til 1.17.07 i 1985 – som 41-åring.
Ramsterkt av ein kar som aldri satsa på denne greina som konkurranseidrett!
Alpinår.
Kona, Inger, fann Einar i Ørsta. Etter giftarmålet kom det fire born, to gutar
og to jenter. Samtlege vart habile fotballspelarar, tre av dei dreiv det langt
i alpint. Sjølvsagt med god oppbacking frå foreldra. Einar sat i eit lite tiår
i alpingruppa til Velledalen IL som vassa i gode resultat denne perioden.
- Ei travel men
minnerik tid, slår jubilanten ettertrykkeleg fast. Vi nemner at sonen, Eivind,
framleis er aktiv på solid nivå, og Ann Kristin er den som – saman med Hilde
Riksheim Tandstad – har flest KM- titlar på jentesida for Velledalen IL.
Skadar.
Eit
langt fotball-liv gir som regel nokre skadar. Einar ramsar opp eit
leggbeinsbrot i tillegg til ribbeinsbrot kvar år siste fem åra han spela. Men
verste skaden fekk han då han «havarerte» frå ein stige ved hytta på fjellet.
Synd og trist, vi ser føre oss at ein helseheil Einar Fet kunne dominert innan
fleire greiner i veteranidretten på sitt alderssteg.
Men viljesterke slitarar
resignerer aldri –berre spør jubilanten – framleis aktiv i yrkeslivet, i
vedaskogen og på Slettegjerde. Men som maratonløpar; der har han kasta korta!
Dagen vert feira saman med
storfamilien i Kroatia.
Idrettsvener i Velledalen
IL hyller deg på jubileumsdagen!
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024