Ordførar i trygge hender!

    Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2014

    FOTO: Fire nyutdanna sjukepleiarar som fyrst vart kjende med kvarandre i studietida. Frå høgre: Kristine Tørre Asprusten, Petter Lyshol, Lina Løvland, Iselin Flacké og Martha Kristine Brunstad
    Ordføraren furta ikkje
    over det. Kort etter hadde han menga seg med fire jenter i sin beste alder.
    Fire unge kvinner som feira avslutta sjukepleiarutdanning med ein sykkeltur frå
    Nordkapp til Lindesnes. Lagnaden ville at dei var i Sykkylven samstundes med
    Tour of Norway for kids.

    -Vi starta nordfrå 15.
    juni. I starten med både snø og snøstorm. Men menneska nordpå viste oss omsorg
    og varme, så vi kom gjennom det. I Lofoten fekk vi finevêr og siste tida har
    vore fantastisk. Målet er å vere framme 20.juli, fortel Martha Kristine
    Brunstad.

    Brunstad kjem frå Bergen,
    men har bestemor, onklar, tanter og anna slekt i Sykkylven. Iselin Flacké er
    sykkylvsjente, så ordførar Lyshol skaut slett ikkje i lause lufta med frammøtet
    sitt, kledd i korrekt fargekode ut frå partiet han representerer. Freidig plasserte
    han seg mellom Lina Løvland (Flekkefjord) og Kristine Tørre Asprusten
    (Kvitseid) klar for fotografering.

    Mellom fire nyutdanna
    sjukepleiarar kjende ordførar Lyshol seg tydelegvis trygg. Så trygg at han
    kravde namna skulle offentleggjerast frå
    høgre denne gongen. I respekt for ordføraren sitt frammøte føyervi han denne
    eine gongen.