- Ultraløp gav meirsmak

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2014

Kjell Magnar
Berli var ultraløp-debutant i Hornindal laurdag 5. juli. I eit løp som har
eksistert i fem år. Når mannen då presterer 12.25.12 er det smått sensasjonelt.
Fordi det er den beste tida nokon sunnmøring har gjort i løpet – kring 16
minutt raskare enn Petter Kragset gjorde i 2013.

I fjor talde
Hornindal Rundt som NM i ultraløp. Då kom tre svenskar fyrst, med Knut
Christophersen som beste nordmann (og NM-vinnar) på 11.54.36. Hadde Kjell
Magnar gjort 12.25.12 i 2013, hadde han teke NM-medalje !!

Kjell Magnar
var altså debutant, men skaffa seg verdfull erfaring då han i 2013 tok alle VIL
sine trimpostar i ein jafs; 70 kilometer, kring 4000 høgdemeter, på litt over
11 timar (mot 75 km og 5600 høgdemeter i Hornindal). Kjell Magnar seier dette
om samanlikninga:


 -  Det
var nok tøffare i Hornindal. Du vert påvirka av andre i starten. Pulsmålaren
viste at eg i Hornindal låg mellom 80-85 prosent av makspuls heile vegen, medan
eg under trimpostløpet året før stort sett låg på 75 prosent av maks.


 -  Ville du gjort noko annleis om du
fekk gjere løpet oppatt?


 -  Eg
opna i hardaste laget. Truleg 10-15 minutt for raskt i fyrste halvdel.


 -  Korleis vil du skildre løpet?


 -  Flott
løype, godt merka og fin stemning mellom deltakarane.


 -  Du
brukte kring fem timar og 20 minutt fram til Horndøla bru der du skifte sko og
sokkar, fekk mat og drikke på den einaste stasjonen i løypa. Der såg du ganske
sliten ut.
  Korleis var det å starte
oppatt etter ei pause på fleire minutt?


 -  He,
he. Eg hadde bestemt meg for at eg SKULLE FULLFØRE. Men det var om lag som å kome i mål i
Birkebeinerrennet, for så å bli jaga ut på ein like lang runde på direkten.


 -  Korleis var vêr og temperatur under
løpet?

Nokre få regndropar, elles opphaldsvêr. Skiftande temperatur. Svært varmt
dei gongane sola stakk gjennom, men ganske kaldt i høgda når så ikkje skjedde.
Faktisk vurderte eg eit par gonger om eg skulle ta på jakke.


 -  Væskeinntaket i eit så langt løp,
gjekk det problemfritt?


 -  Veit
ikkje kor mykje eg drakk, kanskje fem liter. Det var god tilgang på vatn fleire
plassar og i siste del av løpet gjorde cola frå sekken susen.


 -  Korleis kjennest kroppen ut dagen
etter ei slik kraftprøve?


 -  Overraskande
bra. Kjenner litt på baksida av lår, knehasar og leggar.


 -  Du
sleit med skade i tida før løpet, såpass alvorleg at du fekk ei kortisonsprøyte
av legen.
  Korleis vurderer du dette i
etterkant, vart skaden forverra?


 -  Slik
det kjennest no (dagen etter), er svaret heldigvis nei.


 -  Gav 75 km og 5600 høgdemeter i
honndalske fjell og sætrevollar meirsmak, Kjell

  Magnar?


 -  Eg
stiller garantert til start neste år!!

PS1:
  Velledalen IL har sjeldan fått så
mykje god PR som gjennom Kjell Magnar sin prestasjon i helga. Vi må ikkje
gløyme at han var best frå Møre og Romsdal. Tek vi i tillegg med Sogn og
Fjordane kom han på delt andreplass.

PS2:
  I løpet av kort tid har folk frå
Velledalen, eller med anar herifrå, markert seg sterkt i idrett. Vi tenkjer på
namn som Sverre Gunnar Brunstad, Kristbjørg Bolstad Dale, Kjell Magnar Berli og
Henrik Johan Holmberg. Alle held høgt nasjonalt nivå på sine felt, men er ikkje
i den situasjonen at sponsorar spring etter dei. Alle fire er meir enn
kvalifiserte, så vår oppmoding er:
  Ta
desse fire med i vurderinga neste gong du/ditt firma skal gi støtte til lokale
aktørar!