Tre modige menn prøver krefter i Hornindal Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2014
Godt over 350 utøvarar har
meldt seg på til kraftprøva. Starten går laurdag 5.juli klokka 08.00 i sentrum
av Hornindal (Grodås). Målgang same stad.
Lengste løypa, som Kjell
Magnar og Glenn skal gjennom, er 75 kilometer lang med ei totalstigning på 5600
høgdemeter. I alt skal dei innom 20 postar, frå lågland til høgfjell, ned på
sætrar, opp på toppar og nedatt. Løyperekorden er i overkant av ti timar, sett
av romsdalingen Ola Hovdenakk.
Robert Sogge har meldt seg
på det som vert kalla «Halvt løp». Det betyr same start som dei øvrige, men
målgang ved Horndøla Bru etter 38 kilometer, 2900 høgdemeter og 11 postar.
Stian Mork gjorde unna
denne distansen på litt over seks timar i 2013, og er vel den som sit med
sykkylvsrekorden.
Men denne gongen har bygda
vår altså med to deltakarar i den gjævaste klassa. Sveitten piplar fram i panna
berre av tanken. Og det er meldt varmt vêr !
Resultata får du på
VIL-Nett i løpet av helga
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024