Greier ekspressen medalje…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2014

I Tromsø har ein arrangert
noko som heiter Midnight Sun Marathon. Det har dei gjort så lenge at det i 2014
er jubileum. 25 år, og dermed har arrangøren fått høgthengande NM-status.

Det kryr av utlendingar i
dette løpet. Ynskje om å kombinere eit maratonløp med midnattssol er brennande.
Vêret avgjer om det let seg gjere. Det som er sikkert er at utlendingane ikkje
tel med i det norske meisterskapet, midnattssol eller ikkje.

For å kunne kjempe om
NM-titlar må utøvarane representere ein klubb som er tilslutta
Friidrettsforbundet. Der har vår mann sitt på det tørre. Han spring for
Lørenskog, i klasse 45-49 år.

Faktum er at Sverre Gunnar
Brunstad er i toppsjiktet i denne aldersgruppa. Svaret på korleis det går får
vi 21. juni om natta.

Inge Asbjørn Haugen,
mannen med flest maratonløp i landet, stiller i klasse 60-64 år. Han
representerer Hornindal IL, og er elles kjend frå Konradløpet her i Velledalen.

Vi ynskjer lukke til, med
eller utan solfaktor!