Sterkt Kjell Magnar !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2014

Arkivfoto
Birkebeinerløpet, 21 km
langt, vart arrangert i dag. Kring 10 000 påmelde. Kjell Magnar Berli
imponerte med tida 1.22.35, ny pers med fem minutt og ni sekund. Og klart under
eige mål før løpet (1.25.00)
Etter Kjell Magnar var Oda
Alette K. Hole den som imponerte klart mest. Ho gjekk tøft ut i klasse K 18, og
heldt seg nær faren, Roger Malvin, sine passeringstider. På siste meldestasjon
var ho 1.51 bak. Men ho hadde krefter att, pøsa på inn mot mål, og slo opphavet!!
Tida til Roger vart
1.45.50. Brillefine1.44.29 på Oda Alette..
Jens Christian hadde
merkekravet i innerlomma det meste av løpet. Men varmen var sterk, væsketapet
stort, og diverre gjekk Jens`n på ein «væskesmell» denne gongen. Av erfaring
hentar ein lærdom. Som vi ser fine prestasjonar av eit knippe utøvarar som bur
i Sykkylven/har gjort det/har vore på besøk i bygda:
1.22.35: Kjell Magnar
Berli – merke med god margin
1.31.31: Torstein Hole - merke nummer åtte i sin 8. start
1.42.18: Jens Christian
Hole – merkekrav 1.39.14
1.44.29: Oda Alette K.
Hole – merkekrav 2.00.12 – GRATULERER!!
1.45.50: Roger Malvin Hole
– merkekrav 1.41.16
1.54.06: Britt Sjøholt - merkekrav 1.59.35
1.55.24: Sølvi Sjøholt - merkekrav 1.59.35
1.55.30: Mathilde Sofie K.
Hole – merkekrav 2.09.04
2.17.32: Karstein Jensen
Kjenner nokon andre «heltar»
med band til bygda som har vore i aksjon, så meld frå:
atlehole@online.no
917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024