Team-Tomasz klar for Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2014

Fuglen flyg, fisk sym, Luc spring
Jarek døydde 7. april i
år. For å ære minnet til broren, som faktisk står i påmeldingslistene til
halvmaratonløpet i Geiranger, har Tomasz fått med seg broren Krzysztof og dei to venane Lucjan Nastala og
Jerzy Nowakowski. Han har også med seg kona og gutane Karol (9) og Antonio (6).

Pe-Tomasz, eller Tomasz
Rzadkiewicz som han eigentleg heiter, kom til Sykkylven i februar 2007. Han
fekk arbeid på Ekornes frå 1. mars 2007, og var her til juni 2012.


 -  Tøft nok,
ettersom kona og gutane var i Polen heile denne perioden. Men «skype» vart
redninga, seier Tomasz til VIL-Nett to dagar før løpet.

Vi nemner at Robert Rakoczy,
identisk med trimpostleiaren i skogsvegen Hjorthol, stiller i turmarsjen i
Geiranger.

VIL-Nett vil fylgje opp
innsatsen i det polske miljøet gjennom helga.