Ein kjappis til Regndalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2014

For tida er det stor
trafikk til Regndalen, noko trimgruppa sin trimpost nyt godt av. Somme synest
turen er tung med mykje motbakkar. Andre ser stigningane som ei utfordring.

I dag fekk VIL-Nett
melding om at dalens sprekaste mann, Kjell Magnar Berli, hadde gjort turen på
18.50. Du las rett, 18 minutt og 50 sekund.

Dermed måtte vi ta ein
telefon til Kjell Magnar, som stadfesta tida og løpet


 -  Men om andre vil
prøve, kvar var startpunktet ditt?


 -  Startpunktet var
elva like etter Bakka


 -  Og mål?


 -  Det var ved
trimposten.


 -  Har du sprunge
turen på tid tidlegare?


 -  Det har eg, men
aldri så fort. Dagens løp var maks av det eg kan greie.

Då seier vi; lukke til, om
nokon andre vil teste seg opp mot den sprekaste i Velledalen.