Aldersrekord av Brunstadekspressen

    Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2014

    Alt tyder på at Sverre
    Gunnar Brunstad er i knallform. 1967-modellen gjorde 21.mai unna tre rundar
    rundt Sognsvann i Oslo på tida 34.49. I ein e-post frå hovudstaden heiter det:


     -  Dette er det nest
    beste resultatet eg har hatt i løpet nokon gong, og det heldt til ny
    aldersrekord.


     Dermed slår vi fast at
    Brunstadekspressen er på veg mot toppforma før maraton-NM seinare i sommar. Der
    er det grunn til å vente sterk plassering i klasse 45-49 år. Ein av dei han
    skal bryne seg mot der, er Helge Hafsås frå Olden.

    Om vi har skjøna det rett
    er runden rundt Sognsvann om lag 3,3 km. Tre rundar vert kring mila. 34.49 på mila
    av ein 47-åring er det ein kan kalle «skarpt sprunge i moden alder».