Idrettskvinne fyller 60

    Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2014

    24.mai ropar
    vi hurra for Eldrid Nikoline Myhre

    Eldrid har
    sitt opphav frå Norddal kommune, nærare bestemt Valldal. Der er tradisjonane
    gode for skisport, og i unge år var Eldrid ein del av dette miljøet. Og ho
    gjorde det godt. Vi kan nemne at ho som tenåring vart KM-vinnar i langrenn for
    Valldal IL.

    Kjærleiken til
    ein velledalsgut førde Eldrid til Brøvoll, og det som i dag heiter
    Sykkylvsvegen 1782. Saman med Asle voks familien til fem, ho vart ei viktig
    brikke i gardsarbeidet og ho dyrka sine fritidssyslar.

    I mange år var
    ho fast målmann (?) på VRF sitt kvinnefotballag, og ho var med då
    kvinnefotballen i VRF vart starta. På 1980-talet kasta bort i mot alle kvinner
    i Velledalen hesteskor. Også Eldrid, som i systra Ragnhild hadde den som dreiv
    sporten lengst på kvinnesida.

    Eldrid har
    alltid dyrka friluftsliv og halde seg i fysisk god form, anten til fots eller
    med ski på beina. Ho har hatt ei rekkje verv i Velledalen IL i ulike grupper.
    Av statistikken les vi at ho har vore ein trufast deltakar i Konradløpet. Åtte
    gonger har ho betalt startkontingenten, og såleis har ho Konradmedaljen i gull.
    At ho som 58-åring sprang løpet på 23.39, vitnar om ein lekam i balanse.

    Elles tek vi
    med at ho etter siste rangering no figurerer som beste sauesankaren på Brøvoll.
    Ho er ikkje redd fysisk arbeid og kan hesje i sol og regn– gull verdt i ei
    usportsleg og oppreva verd, som Flettfrid Andresen ein gong sa.

    Kort sagt;
    Eldrid Myhre har alltid vore ein trufast støttespelar for Velledalen IL, i dei
    etter kvart mange åra ho har budd i Velledalen. Ei som aldri sviktar og ei
    kvinne vi er stolte av!

    Difor hyllar
    vi deg – OG GRATULERER – på 60 års dagen!

    For
    idrettsvener

    I Velledalen
    IL

    Atle Hole