Magnus lurte oss
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2014

Dei eldste i Konradløpet
er personar som lever i pakt med ånda til Konrad Brunstad. Difor plar vi plukke
alle deltakarane over 80 år fram på scena under premieutdelinga. 1. mai 2014
hadde vi gleda av å ha Kjellaug Ulset (f. 1928), Konrad Gausemel (f. 1929),
Paul Hole (f.1929) og Harald Relling (f 1927).
Men ein mann lurte seg
unna. Nemleg Magnus Ødegård (f. 1933). Dette vart oppdaga, og vi kan melde at
Magnus har fått same premie som dei øvrige spreke utøvarane over 80 år.
Magnus Ødegård er for tida
i trollform – for å bruke eit uttrykk neda Fet. Han er nemleg identisk med
personen som over lang tid har hatt teten i trimboka på Brunstadsætra trimpost.
Stå på Magnus, slike «gutter»
vil Velledalen IL ha!!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024