Sviande nederlag for mannfolka. Rauk 168-152
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2014
Kari Hjorthol er 1954-modell og såleis sprek jubilant i 2014. Og ho gjorde sitt til at kvinnene vart i fleirtal med god margin under Konradløpet 2014. 168 -152 er klar tale, mannfolk!
Mannfolka hala litt innpå
mot slutten, men nederlaget må omtalast som sviande. Statisikkansvarleg, Lars
Inge Sæther, har summert hovudløpet etter alle kunstens reglar. Medrekna
Påskekonrad og Velledalen IL sin Oslo-filial sitt løp 1.mai, har Lars Inge
Sæther kome til at 320 personar har løyst startpengar for deltaking i 2014. 168
jenter/kvinner og 152 gutar/menn.
- Men dette er
ikkje enkelt slår Lars Inge fast i ein
e-post. Deltakarane heiter ikkje lenger, Jan, Bjørn, Nils og Svein… eller Kari,
Klara, Astrid og Eli for den saks skuld. No heiter dei Pill, Baily, Uvakaren,
Viking, Naomi, Joel, Ravn og Remigiusz til førenamn – og då må det tenkjast før
kjønnet kan slåast endeleg fast. Ein kan bli både svimmel og haudtulen av
mindre.
Men uansett, dommen er no
klar. Kvinnfolka vann hovudløpet i 2014 med 168 deltakarar mot 152 for
mannfolka. Ei fin fjør i hatten for dei som måtte ha hatt.
Vi kjem tilbake med
fordelinga mellom gutar og jenter i Minikonrad. Den vert todelt – utan tid og
med tid. Følg med vi kan love dramatikk!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024