Comeback med bravur gav meirsmak
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2014
Utan tvil ei minnerik helg
i Oslo for Velledalen IL sine 14 utøvarar. Særleg for debutantane. Akkurat som
Konradløpet dyrkar Holmenkollstafetten breiddeutøvarane. Over 3100 lag og meir
enn 47 000 aktive var samla i hovudstaden med stafetten som mål. Slikt set
spor og varige minne.
Velledalen IL takkar tre
personar spesielt, nemleg Hilde Tandstad, Sverre Gunnar Brunstad og Roger
Malvin Hole. Utan desse tre VIL-venane i Oslo hadde ikkje deltakinga ordna seg.
Samla hadde desse tre ansvaret for løparane på elleve av etappane. STOR,STOR
TAKK!!!
Frå Velledalen tok Karstein Jensen, Kjell
Magnar Berli og Alf Petter Bøe turen, i tillegg til Ellen Marie Hole frå Bergen.
Samla ein dynamisk tropp
på seks jenter og åtte «gutar». Yngstemann var Oskar Johan K. Hole (13), medan
Karstein Jensen (54) toppa i andre enden av skalaen. Grensa for å få medalje
var på 1.13.00. Vi løyvde 80 sekund på den. Men viktigare var det at laget kom
gjennom utan store uhell. Litt takka vere den oransje t-skjorta som lyste opp
med Velledalen IL på brystkassa
Her kjem nokre utvalde
resultat frå klasse A1
Team Flaxvatn 56.39
100. Statoil BIL 1.08.20
200. Storebrand
Produktutvikling 1.11.00
235. Velledalen IL 1.11.40
482. Fremtiden i våre Hender
1.15.25
637. Egon Restauranter
1.17.20
723. Høgskolen i Ålesund
1.18.21
752. Vestborg vgs. 1.18.40
935. Tine Meieriet Ålesund
1.20.44
1000. Filmreaktor 1.21.38
1128. Sparebank 1, Søre
Sunnmøre 1.23.07
1279. Helse Midt-Norge Rhf
1 1.25.29
1519. Team Musesteg
1.49.37
1520 lag fullførte i klasse
A1
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024