Friidrettsleiaren takkar etter Oslo-helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2014
Bøfjorden sin største son - sett med velledalsauge – var i godlune då han dagen etter Holmenkollstafetten
troppa opp i Velledalen med synleg heider i god tid etter kyrkjetid.
Skiftarbeidaren ved
Ekornes hadde køyrt seg sjølv hardt siste tida. Torsdag jobba han seinskift. Så
bytte han til tidlegskift fredag for å kunne setje kursen mot Oslo rett etter
arbeidstid. Turen til Oslo gjekk i privatbil saman med Karstein Jensen og Kjell
Magnar Berli. Alf Petter «booka inn» i heimen til fam. Roger Hole fredag klokka
23.30.
Laurdag vart ein lang dag.
Han såg sitt kjære Rindal IL gjere ein fin figur i eliten tidleg på dagen.
Velledalen IL sitt miksa lag starta 17.00 frå St.Hanshaugen, og nådde mål på
Bislett stadion klokka 18.11.40. Etter løpet var laget samla til eit felles
måltid, før same tre karane gav seg i veg i bil i retning Sykkylven. Dei kom heim om lag
klokka 07.00 sundag morgon, etter ei helg der dei tvillaust hadde pusta tungt
men levd ungt.
-
Eg takkar for
utmerka kost og losji. Maten stod på bordet når eg kom «til gards» hos Roger.
Stor takk til Hilde, Sverre Gunnar og Roger – Velledalen IL sin Oslo-filial - dei berga denne stafetten for oss. Ein stafett eg trur har gitt meirsmak hos
alle, seier friidrettsleiaren til VIL-Nett over eit strandabakelse i Olagarden
sundag ettermiddag.
-
Takka vere
Oslo-filialen greidde vi denne deltakinga under budsjettet. Vi slapp unna
tabbar, og er godt nøgd med tida 1.11.40 og 235. plass av 1520 lag i klassa. Kanskje
stiller vi to lag neste år, ymta friidrettsleiaren frampå.
Alf Petter kunne klaske i
bordet diplom, medalje og lagspremie etter årets Holmenkollstafett. Nye synlege
prov på ein god vår for friidrettsleiaren, som tidlegare har signert
samarbeidsavtale med SIL og IIL, og ikkje minst gjennomført to særs vellukka
Konradløp.
Sesongen er langt på veg
berga for friidrettsgruppa.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024