Jan Ove og Robert 100 år – til saman
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2014
VIL finn det rett og hylle
Jan Ove Skogvold som fyller 60 år 6.mai, og Robert Rakoczy som fyller 40 år den
7.mai.
Jan Ove var ein høveleg god
langrennsløpar i unge år. Men hans største sporstlege bragd ligg i Konradløpet.
Der har han alt – diplomen, Konradmedaljen i sølv, Konradmedaljen i gull og
tiårspremien. Jan Ove Skogvold er ein av ganske få som har funne startstreken
og mållina i SAMTLEGE Konradløp.
Robert Rakoczy er polakk.
Han har Konradmedaljen i sølv, og har meldt seg på kortaste distanse under
Nibbemarsjen i Geiranger 8.juni. Men så til det viktigaste; Robert er i tet ved
trimposten Skogsvegen Hjorthol. Trimgruppa tel opp turane i oktober, og vinn
Robert vert han historisk, som fyrste ikkje-norske trimpostvinar.
Velledalen IL gratulerer
begge jubilantane !
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024