Nytt sterkt løp av Kjell Magnar

    Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2014

    To dagar etter Konradløpet
    var ein trio frå Velledalen IL på plass då sesongen for motbakkeløp vart opna
    med Eikenosa Opp i Ålesund. Kjell Magnar Berli fylgde opp den fine trenden frå
    Konradløpet med femteplass i herreklassa.


    Elles hadde Velledalen IL
    med Karstein Jensen og Olaf Øien. Evigunge Olaf var eldst i startfeltet,
    Karstein tredje eldst. Ingen kvinner frå Velledalen IL deltok. Her er
    resultata:

       Kristian Nedregård 19.15 (ny løyperekord)

       Arve Rindal 19.37

       Håkon Stavik 20.23

       Gjermund Midtbø 20.50

       Kjell Magnar Berli 20.54

       Matias Oppedal 21.17

       

       Karstein Jensen vart
    nummer 61 på tida 30.05, to plassar føre Olaf Øien som fekk 31.46

       Raskaste kvinne, Silje
    Dybukt, brukte 22.21, som er ny løyperekord for kvinner