VIL likar Hilde og Christina!
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2014
Vi smilte lenge då vi gjekk
gjennom e-postane 1.mai. Saman med e-postar frå personar som takka for årets
Konradløp, frå personar som hadde gløymt diplomar og medaljar og folk som ville
kjøpe Konradkrus, låg der ein heilt spesiell e-post. Konradløpet avdeling Oslo
var skipa 1.mai 2014. Av to markante kvinner i VIL sitt jentemiljø dei siste
åra, to tidlegare jentebloggarar mellom anna. Dei fulle namna er Christina
Linnea Holmberg og Hilde Riksheim Tandstad.
Ikkje berre idrettslaget,
men folk flest likte påfunnet deira, ein filial til Konradløpet i hovudstaden.
Og kvifor ikkje. I hesteskokastinga si glanstid reiste Velledalen IL til Øye i
Norangsdalen med pikk og pakk og arrangerte Øye-Cupen i hesteskokasting der.
Også det suksess.
I skrivande stund har
Hilde og Christina fått 55 «likes» for saka si på Velledalen IL si
facebook-side. Mest nokon gong. Og ei ekstra fjør i hatten når storleikar som
Kondis Møre og Romsdal er mellom desse.
Slike tiltak likar vi. Eit
godt påfunn og friskt stunt som viser:
-Ja, vi kjem frå ein utkant, men lir ikkje
av mindremannskjensle av den grunn.
Takk Hilde og Christina - dette likte vi!!
På vegne av Velledalen IL
sitt hovudstyre
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024