Kvifor er ikkje sunnare alternativ oftare å sjå når det serverast mat tilknytt idrettsarrangement?

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2014

http://bramat.no/kosthold/barn/1245-dropp-drittmat-pa-idrettsarrangementer

Standard kioskmat, som pølse m/brød, kaker, vaffel og brus, høyrer for
mange med til idrettsarrangement. Men kvifor er det slik? Burde ikkje
idrettsarenaen vere ein stad som også hadde fokus på ernæring, og ikkje berre
fysisk aktivitet, for å fremje god helse?

Under årets Minikonrad gjorde idrettslaget ein litt ny vri. Her kunne
ein kjøpe fruktkorger, friske og fargerike fruktspyd eller smoothie - i tillegg
til meir tradisjonell kioskmat som brus, sveler og pølse m/brød. Sjølv om alle
svelene forsvann raskt, så var frukta også svært populær blant barna. Frukt er
noko som fell i smak hjå alle- og kanskje spesielt godt om ein har ein spanande
visuell utsjånad. Barn elskar frukt, det handlar berre om å gjere det litt
kjekkare å ete frukt. Dele opp i bitar og variasjon er gode stikkord om ein
ynskjer å få i seg dei kjende «fem om dagen» (men ein må ikkje gløyme at gjerne
3 av 5 skal vere grønsaker).


Då vi handla inn matvarer som skulle seljast etter løpet, fekk vi som
kommentar frå mannen i kassa "Dette er den sunnaste handelen eg har sett
nokon gong!".

Ut i frå salet og kommentarane vi i kiosken fekk, så var dette ei
vellukka løysing på å få inn eit sunnare alternativ til den tradisjonelle pølse
med brød og brus. Eg håper dette er eit tiltak idrettslaget vil halde fram med
på sine arrangement! Poenget er ikkje å ta vekk all «kosen» frå kiosken, men at
der alltid er eit godt og sunt alternativ til den som heller ynskjer det – og
at ein samstundes framhevar den viktige rolla kosthaldet spelar for helsa.


Kva med å få lurt inn litt fisk også i kiosksalet? Mange ser kanskje på
dette som ei umogeleg oppgåve, sidan born ofte ikkje «likar» fisk. Eg ser på
det som ei utfordring som kan løysast med kreativitet, men også avhengig av at
foreldre og trenera går føre med eit godt eksempel.


Folkehelsestudenten
Ellen Marie Hole