21 personar kvalifiserte til 10 års premien
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2014
Det er stort sett
sykkylvingar som har fått 10 års premien. I 2014 har vi altså 21 kandidatar - det vil seie dei står med ni Konradløp i statistikken og vil få sitt tiande om
dei fullfører 1.mai. Mellom desse finn vi Robert Sve. Trufast strandar, gift
med ei velledalstaus, og lenge stabil på tider på 18-talet.
To av dei 21 er tillitsvalde
i Velledalen IL, nemleg Terje Aurdal og Rolf Haxthow. Terje er medlem i
friidrettsgruppa, Rolf er sekretær i hovudstyret.
Elles er John Henrik Welle påmeld av dei
kvalifiserte, men vi trur over halvparten av personane stiller sidan det dreier
seg om lokale namn.
Folk flest vil skjøne at
det er mykje å halde greie på innanfor Konradløpet sin statistikk når ein ser
desse tala for året 2014:
159 utøvarar er
kvalifiserte til Konradmedaljen i sølv om dei stiller i år (3. gong)
52 utøvarar er kvalifiserte til
Konradmedaljen i gull om dei stiller i år 6. gong)
21 utøvarar er kvalifiserte til 10 års
premien om dei stiller i år.
Om to år må vi ut med 15
års premie til dei med full pott.
Bjarne Hole er mellom dei
påmelde og skal ha sin tiårs premie i år. Han er dessutan mellom dei få som bed
på seg jobb under arrangementet. Det er kjærkome i desse dagar som funksjonærlista
blir sett opp.
Mest bruk for folk har vi på kjøkkenet den
30. april og om morgonen den 1.mai. Har nokon kapasitet set vi pris på om
vedkomande melder seg til Marit Hole eller Julie Brochmann.
Desse er kvalifisert til
10 års premie her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024