Polsk i tet på Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2014
Aldri før har nokon av
våre nye landsmenn hatt flest noteringar på trimgruppa sine postar. Men 2014
ser ut til å bli året, og det ser ut til å bli Polen som gjer det, nasjonen som
mønstrar flest deltakarar - utanom Noreg
– i Konradløpet
Mannen heiter Robert - Robert Rakoczy. Han er også påmeldt på kortaste distanse under årets Nibbemarsj
i Geiranger. Her er stoda på trimposten skogsvegen Hjorthol, godt halvegs ut i
sesongen, 16. april om lag klokka 19.30:
127 turar: Robert Rakoczy
107 turar: Ingrid
Brudevoll
87 turar: Anita Hjorthol
32 turar: Jan Lade
27 turar: Eldrid Myhre og Bianca
Mange hundar går på denne
posten, og best av desse altså Bianca med 27 turar. Så vidt vi veit har ikkje trimgruppa
førebels teke stilling til om det kan bli ei eiga bok for hundar i framtida.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024