Mannen med flest maratonløp kjem
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2014
Få har sprunge meir enn
Inge Asbjørn Haugen. Fødd i Honndalen (Hornindal) 27. april 1953, og døypt av
Ragnvald Indrebø same sommar. I 1966 flytta Inge Asbjørn, som er
fyrstekonsulent i skatteetaten av yrke, til Nordfjordeid. Der bur han framleis,
men han representerer Hornindal IL når han spring.
Og det gjer han ofte. Han
har delteke i 444 maraton og 25 ultraløp (som er verre). Han har sprunge i fem
verdsdelar; Europa, Amerika, Afrika, Asia og Australia. Hans fyrste siger kom i
løp nummer 209, og han har personleg bestetid på 3.08.43 på maratondistansen
(42 195 meter). Den vart sett i Jølster i 1998.
Denne mannen kan du møte i
årets Konradløp. Han var her også i fjor, då han som fersk 60-åring spurta han
inn 19.52. Bestetida hans frå Konradløpet skriv seg tilbake til 2010, og er på
19.21. I år skal Inge Asbjørn Haugen ha Konradmedaljen i sølv for sitt tredje
løp.
Velkomen til Velledalen,
Inge Asbjørn!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024