VIL med ny ekspressrute i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2014
Vi har tidlegare hatt
positive meldingar frå Sognsvann Rundt Medsols, ein løpskarusell som går kvar
onsdag mellom april og oktober. Tidlegare har Brunstadekspressen (Sverre Gunnar
Brunstad) vore hovudperson, denne gongen er det 22-åringen Hilde Riksheim
Tandstad, som gjorde eit aldri så lite comeback.
Resultatmessig faktisk eit
stort. Ho sprang 1 runde (3,3 km) og kom i mål på tida 13.06 Det heldt til delt
3. plass av 39 jenter/kvinner.
-Eg får vel seie meg nøgd både med løpet og
forma mi. På arrangørsidene skriv dei at det var dårleg forhold med sur
nordavind og 2 grader. Ein alminneleg vêrdag på Sunnmøre, med andre ord, fortel
Hilde til VIL-Nett.
Vidare kan vi nemne at ho
ser fram til å representere VIL i fleire Oslo-løp framover.
- Ser i
resultatarkivet at Brunstadekspressen plar vere med. Kanskje blir det to
VIL-løparar i Sognsvann Rundt i løpet av sesongen, skriv Hilde, som saman med
Ann Kristin Fet er den som har flest KM-titlar for VIL på jentesida gjennom
alle tider.
Vi gratulerer
Tandstadekspressen med sterk tredjeplass ! Faktisk heilt i stil med det
Brunstadekspressen plar prestere – han er nemleg stabilt inne på topp-3 rekna
etter aldersklasse.
PS: Om det går fleire
lokale ekspressruter på Austlandet – eller andre stadar – set vi pris på om dei
gir lyd frå seg
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024