Det Store Folkerennet 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2014
Langrennsgruppa i
Velledalen IL har hatt styremøte. Årets sesong har vore vanskeleg. Faktisk er
det lite som har gått etter planen. Renn som Fjellsæterrunden og
Birkebeinerrennet vart avlyste. Her lokalt har snømangel vore største problemet,
og vi spurde leiar i langrennsgruppa, Svein Arne Nakken:
- Korleis bli det
med Det Store Folkerennet?
- Vi ser oss ikkje
syn med det, seier leiaren og utdjupar:
- Slik det er no er
det for lite snø. Vi er i april, og kan difor ikkje rekne med at denne snøen
kjem. Kanskje gjer den det, kanskje ikkje. Uansett, vi har bestemt at Det Store
Folkerennet går ut denne sesongen, men håper sjølvsagt på betre tider i 2015.
- Då laddar de i
staden opp mot det komande Konradløpet..?
- Det gjer vi. Vi
reknar med at alle i langrennsgruppa er tungt inne på arrangørsida.
Og det er dei heilt
sikkert. Før vi veit ordet av det er vi komne til 30. april og Minikonrad. 1.mai
klokka 05.00 smell startskotet for Konradløp nummer 13
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024