Glepp grepet for kvinnfolka..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2014
I fleire år var damene i
fleirtal i Konradløpet. Sakte, men sikkert, kom mannfolka til hektene. Utruleg
nok enda det 169-169 i hovudløpet i 2012
Året etter, i 2013, henta
290 personar startnummer til hovudløpet. 155-135 i favør mannfolka. Men jentene
var best i Minikonrad, slik at av samtlege som starta (Minikonrad og
Konradløpet samanlagt) i 2013, vart tala 188-173 til det mannlege kjønn.
I skrivande stund har vi
46 påmelde til hovudløpet 2014. Sjølvsagt tidleg enno, men tendensen er
soleklar når tala mellom desse 46 er 31-15 i mannfolka sin favør.
Såleis er det heilt klart
dekning for overorda: «Glepp grepet for kvinnfolka..?»
Temaet kan – og bør - diskuterast på Velledalen IL facebook.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024